torsdag 25. februar 2010

Framfusne karar. Dag 8-24


Etter ei vekes tid utan sigarettar tek apatien over, tvingar viljen i kne. Slik går dagane utan gnist og vilje. Dagane flyt viljelaust av garde som ei not durgande full i sild, i storm frå nordvest.


Det er gjerne no eit må bryte, ta ein blås for å kjenne at ein lever. Eller kanhende er det andre hendingar som får blodet til å flyte i årane igjen.


For min del vakna eg til live på veg til Stavanger. Etter å ha gått rundt som ei løpseræv og gomla på alt ein kan få i seg i ei vekes tid, vart svolten og apatien avløyst av eit befriande sinne. Eg var som tidligare nevnt på veg til Stavanger i bil, eg var ei løpseræv og hadde meg eit myllja beskje, ei pylse med bacon og ertestappe. Eg sat å maula på pylsa, gira, tok eit drabeleg tugg og var klar til å flekke forbi nokre semi trailarar i krabbefeltet som sakte kraup nærare. I det samme eg trykkjer gassen ned hender det. Ein Audi kjem opp på sida av meg, myrkeblå audi, inni sit eit par solbriller. Medan han ligg side om side strekkjer han ut fyrst ei hand og så ein finger og så er han forbi. Hjarta byks og hovudet svartnar. Fyrst prøver han å drepe meg og so gjer han meg skulda. Eg trykkjer klampen i bånn og prøver å fylgje.


Mannen er åpenbart galen, han køyrer forbi semi trailarane på begge sider, høgre , venstre. Han køyrer forbi i svingar og over bakketoppar. Eg ligg nokre hundre meter bak, i det eg finn fram kamera for å filme tokjevelen misser eg pylsa og får i same snuen ertestappe på gensaren og på rattet. No svartnar det heilt. Fyren må på straff. Han køyrer hardt. Møtande bilistar skvett utav veien medan dei blinkar med lysa og tutar. Eg knipsar desperat eit bilde. Eg veit det er langt hald, men det er siste mogleik. Han forsvinn av synsranda og er vekk.


Eg vrenger bilen inn på ein busshaldeplass, tek opp kameraet, zoomar, PX 49400. No har eg slakjen. Eg sler med skjelvande hand naudnummeret, og får svar med det same. Eg legg fram saka og tillet meg å komme med råd om kor vegsperringane best vil fange slakjen i Audien.


Politekjeringa seier at dei ikkje kan rykkje ut på eit slikt grunnlag, og ho nyttar med det same høve til gje meg ein muntleg advarsel for å ta bilete medan eg køyrer. Eg legg på utan fleire dikkedariar. Eg svel tungt og lenge. Freistar å ta det med det gode og kører roleg vidare. Men audmjukinga svir som rabarbra i ei kyrarau.


Etter ei lita mil skjer det, audien står parkert på ein rasteplass, slakjen står og røyker. Min røyk tenkjer eg i eit svakt augonblink, Her må eg ta lova i eigne hender. Naudverge, han har prøvd å drepa meg fleire gonger.


Eg vrengjer bilen inn på rasteplassen, stoppar og byks ut. Slakjen kjenner meg igjen og han legg på tan mot bilen. Han set seg i bilen i det eg tek han at. Han brøler, eg brøler. Eg kan høyre at han er austa i frå so da er ikkje lett å få tak i kva han ropar. Han er ikkje lett å få tak i heller, han ligg på rygg i bilen og sprelar og sparkar. Han er sleipare en ein ål i ei bytte med snått.


Han treff meg med eit spark rett over nasen og eg dett brølande på rygg, og før eg kjem meg på beina at er han vekke. Eg blir ståande å brøle i veikanten ei stund før sinne gjer seg.


Det er då eg kjenner det, røykesuget er vekk.


2 kommentarer:

  1. Jeg føler med deg, Roy... på alle måter (stå på videre), men...pokker heller - du skriver bra! Dette er stor underholdning. Og så får du heller unnskylde at jeg koser meg på din bekostning... Sorry. :))

    SvarSlett
  2. hehe. Steike bra. Neste gong får du lage ein teikneserie om denne opplevinga ;-)Elles, så rådar eg deg til å gå over til General laus. Det gjorde eg i 1994 og i 1996 slutta eg med all røyking!!

    Bård A. Flekke

    SvarSlett