fredag 26. februar 2010

Kulturkukar og sovorne karar.




kulturhus



sulukrusl



urhuskul



ulurthusk



uhrtuklus



kulturkuk



KULTURHUS DEBATT SOM PERSONUTVIKLER.

Kulturhusdebatten har betydd meir for den lokale personutviklinga enn nokon kunne ane.
Kulturhusdebatten handlar like mykje om personutvikling som å dyrke det mangfaldige kulturlivet.
Det synest no som om det er rimeleg stor vilje til å einast blant dei folkevalde om at behovet for ein kulturhusdebatt i Flekkefjord er stort.
Vi registrear at kultursjefen i Lyngdal tek til orde for at det er nok store kulturbygg i regionen.
Her freistar kultursjefen å kuppe heile kulturhusdebatten til Lyngdal, han er redd for tevling, han er redd for at debatten i Flekkefjord kan gjera Flekkefjord til den leiiande kulturhusdebattantkommunen i heil regionen.
Nei, lat oss tvihalde på debatten. Folk som til dagleg ikkje bryr seg med anna en kiloprisen på rekene og om det er kald nordatrekk på Lundsen byrjar å bli kulturhusdebattantar. I mitt stille sinn set eg navn på dei, Collet, Wergeland og Ibsen. Kulturhusdebatten får menig mann til å lyfta nasa or mottingjen, dei bles møkalukta or naseborane og byrjar å debattere, plassering og innhald, behov og kostnadar. Dei vert kulturkukar. Dei vågar og meinar. Nokre bles seg opp til mest dobbel storleik, spradar rundt og debatterar, nokre på pure f.. skulle eg meine.
Nokre pratar om posisjonar og bykamp. Andre om ubrokelege folkvalde og andre let seg irritere over redaktørar som tek side i saka.
Det vert bra når huset ein dag står der, blankpussa og fint. Men ikkje undervurder verdien av debatten. Ein god debatt er eit halvt kulturhus.

torsdag 25. februar 2010

Framfusne karar. Dag 8-24


Etter ei vekes tid utan sigarettar tek apatien over, tvingar viljen i kne. Slik går dagane utan gnist og vilje. Dagane flyt viljelaust av garde som ei not durgande full i sild, i storm frå nordvest.


Det er gjerne no eit må bryte, ta ein blås for å kjenne at ein lever. Eller kanhende er det andre hendingar som får blodet til å flyte i årane igjen.


For min del vakna eg til live på veg til Stavanger. Etter å ha gått rundt som ei løpseræv og gomla på alt ein kan få i seg i ei vekes tid, vart svolten og apatien avløyst av eit befriande sinne. Eg var som tidligare nevnt på veg til Stavanger i bil, eg var ei løpseræv og hadde meg eit myllja beskje, ei pylse med bacon og ertestappe. Eg sat å maula på pylsa, gira, tok eit drabeleg tugg og var klar til å flekke forbi nokre semi trailarar i krabbefeltet som sakte kraup nærare. I det samme eg trykkjer gassen ned hender det. Ein Audi kjem opp på sida av meg, myrkeblå audi, inni sit eit par solbriller. Medan han ligg side om side strekkjer han ut fyrst ei hand og så ein finger og så er han forbi. Hjarta byks og hovudet svartnar. Fyrst prøver han å drepe meg og so gjer han meg skulda. Eg trykkjer klampen i bånn og prøver å fylgje.


Mannen er åpenbart galen, han køyrer forbi semi trailarane på begge sider, høgre , venstre. Han køyrer forbi i svingar og over bakketoppar. Eg ligg nokre hundre meter bak, i det eg finn fram kamera for å filme tokjevelen misser eg pylsa og får i same snuen ertestappe på gensaren og på rattet. No svartnar det heilt. Fyren må på straff. Han køyrer hardt. Møtande bilistar skvett utav veien medan dei blinkar med lysa og tutar. Eg knipsar desperat eit bilde. Eg veit det er langt hald, men det er siste mogleik. Han forsvinn av synsranda og er vekk.


Eg vrenger bilen inn på ein busshaldeplass, tek opp kameraet, zoomar, PX 49400. No har eg slakjen. Eg sler med skjelvande hand naudnummeret, og får svar med det same. Eg legg fram saka og tillet meg å komme med råd om kor vegsperringane best vil fange slakjen i Audien.


Politekjeringa seier at dei ikkje kan rykkje ut på eit slikt grunnlag, og ho nyttar med det same høve til gje meg ein muntleg advarsel for å ta bilete medan eg køyrer. Eg legg på utan fleire dikkedariar. Eg svel tungt og lenge. Freistar å ta det med det gode og kører roleg vidare. Men audmjukinga svir som rabarbra i ei kyrarau.


Etter ei lita mil skjer det, audien står parkert på ein rasteplass, slakjen står og røyker. Min røyk tenkjer eg i eit svakt augonblink, Her må eg ta lova i eigne hender. Naudverge, han har prøvd å drepa meg fleire gonger.


Eg vrengjer bilen inn på rasteplassen, stoppar og byks ut. Slakjen kjenner meg igjen og han legg på tan mot bilen. Han set seg i bilen i det eg tek han at. Han brøler, eg brøler. Eg kan høyre at han er austa i frå so da er ikkje lett å få tak i kva han ropar. Han er ikkje lett å få tak i heller, han ligg på rygg i bilen og sprelar og sparkar. Han er sleipare en ein ål i ei bytte med snått.


Han treff meg med eit spark rett over nasen og eg dett brølande på rygg, og før eg kjem meg på beina at er han vekke. Eg blir ståande å brøle i veikanten ei stund før sinne gjer seg.


Det er då eg kjenner det, røykesuget er vekk.


mandag 1. februar 2010

Dag 7. Eit merakels.


Er det slik at eg er heilt plitt mo aleine om å sjå kor gale det står til?
Er det slik at heile kommunestyret er noken sorpehøne so vasa rundt utan å sjå noke anna enn nasa framføre seg ?
Flekkefjord, ein nydelig liten by, med eit landskap som er nærmast som vestlandsk å rekna og eit klima som er tilnærma sørlandsk.
Kvifor har ikkje vi kulturhus ? Kvifor har ikkje vi digital kino eller gangbru over elva ? Er det fordi vi tjenar for lite og ikkje betalar skatt ? Nei. Er det fordi vi i motsetnad til andre ikkje betalar eigedomskatt ? Nei det stemmer heller ikkje. Er det fordi Sfo og barnehage er gratis, eller er sosialtakstane rause ? Nei.
Kva kan då grunnen vera. Er det dei folkevalde som ikkje kan eller vil gjera jobben sin ? Ja slik må det vere. Ja ikkje berre dei som sit no. Nei elende rekk nok lenger attende.
Ein flokk halselause kyllingar utan visjonar som går rundt og brekar ulna kvede som dei har fått av sentralstyra sine.
Nei no må vi sule opp, rykke styggedommen opp med rota. Still til valg i 2011, utan å vere tyngd under sentralstyrte partiprogram. Lat oss bruke den gode vilje og sunt vet. Det burde ikkje vere så vanskeleg å opne augene på folk utan vidare åsevese. Lat oss ekse til kamp mot pampevelde
som har fått so bort i hendeløysa mange mogleikar til å vise at dei duger.

Dag 3-6. Føling i fjæra.

Arve Tellefsen og resten av det ypperste av musiker fiffen mobilisar alt og arrangerer konsert til inntekt for Haiti. En helaftenskonsert. Bravissimo. Bravissimo for pokker. Her står overbetalte, overeksponerte musikarar og fortel om kor utruleg bra det kjennest å bidra til å hjelpe dei stakkars Haitianarane. Kor godt det kjennes å bruke sin virotous til å gjera ein forskjel.
Dei trehundretusen kronene som blei samla inn gjer ingen forskjel. Inntektene vert nokså små når bilettane ikkje er statssubsidierte. Fela til Arve kostar meir enn heile aksjonen der benkeradene er fyllt opp heilt til siste rad er istand til å samle inn.
At arrangørar og musikarar står å smiler sine feite smil og blunkar med dei store sjølvgode augo sine mot kamera. Fy for pokker. Røykeslutt nervane mine smell rett av, det same gjer fjernsynet. Eg ringer Haiti telefonen og gir to hundre kroner til. Det er ikkje meir enn eg normalt røyker på eit par dagar. Hjelper det ? Veit ikkje. Er fortsatt så eitrande inn i innste forbanna.
Å sjå dette innslaget med musikarar kledd i kjole og kvit, fiffepublikum som sit på dei feite sjølvgode sosialdemokratiske rumpene sine og klappar halvhjarta , like etter å ha sett innslaget av foreldrelause born kidnappa av amerikanske sektmedlemmer.
Eg kjennar nikotinsuget ta tak og sinnet hentar krefter heilt nedanfrå, frå kjellaren djupt der nede som det alltid brenn. Eg tar føling i fjæra.
Arve din jævel. Byt bort fela for ku.