torsdag 28. januar 2010

Dag 2. Holkeføre.

Depresjon, abstinens og holkeføre.
Det må vere noke slikt som 12 timar utan sigarettar.
Eg stod opp, åt frukost, og gjekk ut. Då kom smellen, lysta, suget.
Eg gjekk frå å vere normal til kadaver på under eit minutt.
Det må vere omlag 200 meter til kontoret, omlag så langt det tar å ta ein sigarett.
Det var tre minus og holkeføre, eg kraup på sida, eg kraup som ein makk, åla meg over grøftekantar.
Eg forbanna røykelov og statsrådar. Eg kraup som ein olm okse, spidda og såra. Gje meg nådestøtet brølte eg når folk gjekk forbi og såg skremde ned på meg i den frosne rennesteinen.
Eg låg der på ryggen i fer med å gje etter for suget. Eg kika på stjernene som var i fer med å bleikne, månen på veg ned. Då fekk eg styrke. Eg kom i hug Bjarne Håkon Hansen.
Svikaren, politikaren og rådgjevaren.
Når eg kjenner etter, trur eg at dette er helvete, kvar fiber i kroppen skrik etter nikotin. Eg er ein junkie. Bjarne Håkon forstod slike som oss. Det vil sei før han vart rådgjevar, dobla lønna.
No er vi atter fanga mellom profitørar og moralister. Ingenting skjer, ikkje ei debatt eingong.
Kom tilbake Bjarne Håkon, vi treng deg, vi i rennesteinen. Vi som kryp på sida på holka.
Kom tilbake Bjarne Håkon din jævel.
I forbannelsen kjem eg meg på beina, abstinensane tar pause. Angsten for neste rie sit att.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar