onsdag 27. januar 2010

Dag 1. Kuklemeister.

Når mora di seier "stå på" Anne, so veit ikkje eg om det tyder på om ho er noko smartare enn deg. Du må forstå at det du gjer kan samanlignast med å sette seg ned i ei maurtue innsmurt i Underdalsost.

Eg legg meg flat og gjev deg rett i mykje av det du seier og skriv,men...
Det er ikkje ein kostymekoloni styrt av hampehove du legg deg ut med.

Du legg deg ut med hardbalne karar kledd i bunad frå innerst til ytterst, med partibokja i orden , væpna med jantelov og ein uvilje av jarn mot å ta ny innsikt til seg.



Her i sommar var vi heime i Dalsfjorden, det regna sidvomma trollkjeringa dag etter dag.
Kona mi var ein tur på bokhandelen og hadde kjøpt ei reisehandbok om Sogn og Fjordane.
Her var det bunadar og geiter, ferjer, fjord og fjell.All tekst var på tre språk. Resteuranter som var nevnde heitte ofte noke med grill. Heile boka var ei turistfelle. Regnet ausa fortsatt ned. Kona mi spurde om eg ikkje kunne komme opp med eit reisemål i mitt eige heimfylke. Eg tenkte ein dag eller to og gav ho valet mellom klosteret på Selje eller Urnes Stavkyrkje. Ho valde Stavkyrkja.
Eg pakka korga med champagne og ost. Vi køyrde til Solvorn og kjende oss straks som turistar, men det var ingen stad å bruke pengar. Vi var på visning i eit nydelig lite hus og fekk høyre at
Solvorn hadde dei stivaste bustad prisane i heile Sogn og Fjordane. Ikkje rart det når det ikkje er noko anna å bruke pengane på.
Så slo vi hel resten av ventetida før ferja kom med å lese på ein bauta om den store hungersnauda blant kyr og sau i bygda i svelteforingstida.
Endeleg ved stavkyrkja fekk vi kjøpt oss nokre bær og eit glas saft på ein gard. Vi såg kyrkja og gjekk langt opp i lia øve. Der drakk vi champagne og kunne nyte utsikta av snødekte fjell og ein spektakulær bregrøn sognefjord.
På heimveg tok vi turen innom stavkyrkja i Kaupanger, og dei Heibergske samlingane, begge stengde for dagen. Her stod vi blant amerikanarar og japsar og vi stotra fram unnskyldningar på framande mål. Vi anbefalte dei å kome attende om nokre år når infrastrukturen var bedre utbygd. Dei måtte forstå att det tok nokre år å komme på beina etter kommunismens fall. Dette var ein unnskyldning dei lot til å forstå. Eg synest du er litt stivnakka når du forventar at Firdaredaktøren skal la ein slik mogleik som denne gå frå seg. Eg vil tru at du står for dei høgste opplagstala sidan overskrifta "KU FLOGEN HEIM LUFTVEGEN" tidlig på 90 talet.

Metaforane dine er fine, velfunderte og veldreia. Men for Firda har dei større sprengkraft framstilde som provokasjonar og hets. Firda har etter mi meining hatt ei analytisk evne og vilje som Sundag Sundag. Redaktøren framstår som ein konvensjonell storbolsar, ein kuklemeister.
Då har eg heldt røykesuget vekke i lita stund og trykkjer publiser innlegg.

Stå på Anne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar